Sandnes SoneterapiTerje Horpestad

15. april 2026

Ny kunnskap i soneterapi

Soneterapeut MNNH Terje Horpestad er ein av dei mange innovative terapeutmedlemmene i NNH. Han har gjennom fleire år drive med undervisning innan soneterapi, og er forfattar av fleire bøker i faget. Bøkene ‘Ny kunnskap i soneterapi’ og ‘Soneterapi i tekst og bilder’ er nå kome i ny og revidert versjon.

Ny kunnskap i soneterapi

Av John Petter Lindeland, styreleiar i NNH
Kva er nytt i dei nyreviderte bøkene?

– I den nye utgåva av bøkene er både tekst og illustrasjonar forbetra. Teksten er strukturert slik at han er lettare å lese, og språket er tydelegare og betre tilpassa innhaldet. I fleire anatomiske teikningar har eg brukt KI til å laga illustrasjonar. Dette var ikkje mogleg då eg skreiv første utgåve av boka. Det har òg kome ny kunnskap sidan første utgåve. Ei god lærebok varetek historia, samstundes som ho omfattar notida gjennom oppdatert språk og anatomisk forståing.

Rundt 2012 skildra forskarar det såkalla glymfatiske systemet. Dette er eit reinse- og dreneringssystem i hjernen som nyttar cerebrospinalvæska til å skylja gjennom hjernevevet. Systemet er særleg aktivt under søvn. I tillegg fann forskarar i 2015 ekte lymfeårer i hjernen som gir ny forståing av reflekspunkta til hjernen lokalisert på stortåa. Desse funna, saman med fleire nye innsikter som har kome sidan førre utgåve, er no innarbeidde i bøkene.
Les hele artikeln her naturterapeuten.no